
I Noreg har vi to skriftspråk som har vore jamstelte sia begynninga på 1900-talet. I denne teksten skal eg skriva om dei to og fortelja litt om korleis dei ble til, og kvifor vi i skula i dag skal ha like mykje norsk hovudmål som sidemål. Eg kommer til å byrja med å fortelje om grunnlaget til dei to skriftspråka.
På midten av 1800-talet var det to karar, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Dei hadde heilt forskjellege liv og oppvekst, men hadde likevel same mål; å lage eit nytt norsk skriftspråk som var likt det norske talespråket, men dei ville gjøra dette på forskjellege måtar. Ivar Aasen var ute etter å hente dialektar frå heile Noreg og lage eit språk som likna på mange dialektar, slik at dei fleste kunne kjenne seg igjen i det. Han dreg over heile landet og mye på gardar og i mindre byar. For Knud Knudsen var det viktigare å prøve å fornorske det danske skriftspråket, der han tok utgangspunkt i ”den danna tale” som blei snakka av dei meir velståande folka i samfunnet.
Ivar Aasen var fyrst ute med ideen og dreg på ei reise som var over 400mil for å samle kunnskap om dei forskjellege dialektane. Han laga ei grammatikkbok før han nokre år seinare kom ut med ei ordliste. Knud Knudsen held seg meir i dei store byane og bygga meir på det språket som fantes der. Ivar Aasen sitt skriftspråk blei kald landsmålet, medan Knud Knudsen sitt blei kald riksmålet.
I byrjinga var det riksmålet som blei best tatt i mot av skulane, men etter kvart blei landsmålet meir vanleg. Mot slutten av 1800-talet var det tilhengarar av kvart av dei to skriftspråka, nokre følgde riksmålet mens nokre følgde landsmålet. I 1908 fant dei ut at språka måtte bli likare kvarandre og det blei foreslått at dei skulle ordna på rettskrivinga på ord som begge måla hadde like. Dei neste åra var det nokre folk som ønska at Noreg skulle ha eit skriftspråk og dei sa at begge måle skulle byggja på det norske talespråk. Ni år seinare blei dei ferdige og begge to skriftspråka blei vedtatt som offisielle og etter det har det ikkje skjedd mange forandringar.
Grunnen til at dei to skriftspråka er jamstelte er at det var to språk som hadde kvar sine tilhengarar, difor kunne dei ikkje fjerne eit av dei og viss eit av språka blei meir brukt ville andre klage. Viss det ikkje hadde vore for Knud Knudsen og Ivar Aasen hadde vi kanskje ikkje hatt skriftspråk som var så likt vårt talemål, da hadde det muleges vore eit språk som minna meir om dansk. Sjølv om mange hadde klart seg utan eit av måla, burde man vere takknemleg over dei fordi det kunne vore så mykje verre.
Kjelder:
(Fra saga til CD 10b, Lien og Jensen, Forlaget fg og kultur AS, 2008, side 143-157)
(http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/Olav_Rusti-Ivar_Aasen.jpg/475px-Olav_Rusti-Ivar_Aasen.jpg)
(http://www.norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/fuv/holein/Knudsen1.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar