torsdag 25. februar 2010

Samisk veke

Sameveka

Den samiske veka gjorde inntrykk på elevane i 9 og 10 klasse på Ekrehagen skule i Tromsø.

Veke 5 er samisk veke og feirast på forskjellege måtar over heila landet. Nokre feirar det med lange barnetog medan andre feirar det med å gjøre noko som er litt meir samisk, dei reinkappkjørar. I 9 og 10 klasse på Ekrehagen skule i Tromsø har vi også gjort vårt for å feire denne spesielle veka. Vi såg filmen ”Kautokeino-opprøret,” som handlar om samanes kultur og kampen mot staten, og vi drog til Tromsø museum der vi vart guida gjennom den samiske avdelinga.

Høgdepunktet med veka var heilt klart turen til museet. Der vart vi guida av den alltid interessante Marianne Giæver som fortalde om dei forskjellege sametypane. Det var veldig spennande å høyre om dette. Vi fekk vite meir om elvesamar, sjøsamar og nomadesamar. Etter guidinga fekk vi lov til å gå dit vi ville og sjå på det som var. Dette gjorde turen enda betre. Det var mykje om elvesamar og korleis dei levde. I anledning med sameveka var det komme ei ny utstilling som var ekstra interessant. Ranur Neslin sa etter turen at det var ein spennande kulturell hending som ga oss mykje interessant informasjon medan Anja den dumme sa at den nye utstillinga var spesielt lærerik. Dei sa at det som var interessant var at elvesamar kjennar til korleis laks symjar. Det er nemleg ikkje mange som har lært seg detta utan teknologisk utstyr. Vi fekk sjå ein film om nokre samar som brukar denne spesielle metoden for fisking. ”Det var utruleg å sjå at den gamle metoden verkar like bra og kanskje betre enn nyare,” sa Ranur etter filmen. Han var tydeleg imponert av samanes kunnskapar om korleis fisk beveg seg. Det var mye forbausing blant elevane etter at dei hadde sett denne filmen, men da Marianne Gievær forklarte meir skjønte dei det. Da det var tid for spørsmål rakk dei fleste opp handa og spurte om alt som hadde med samane å gjere. På vegen heim var alle fornøgde og gleda seg til neste gang dei skulle dra dit.

Også Kautokeino-opprøret fikk mykje merksemd blant 9 og 10 klasse på Ekrehagen skule. Vi brukte nemleg tre skuletimar på å både sjå og diskutere filmen. Det var mange som hadde sett den før men det betydde ikkje at dei ikkje blei opprømd av den store historia. Anja den dumme sa om filmen at den ga eit godt innblikk i korleis samane hadde det på 1800-tallet og var tydeleg rørt av den sterke historia som vart fortald. Filmen handlar om tida frå 1851-1852 og kampen mellom dei undertrykte samane og embetsmennene som ville ha all makta i nord. Levi Læstadius, ein svensk prest, talte på vegne av samane som fekk ei openbaring. Embetsmennene likte ikkje dette og ville stoppe samane. Det blei difor større spenning mellom dei og samane gjekk til slutt til opprør. Historia er svært rørande og regissøren av filmen har valt å fortelja historia slik han har komme fram til at samane såg det. Dei fleste skriftlege kjeldane seier at samane er syndarane medan det for samane sin del har vært fortald historier om det som er meir sannsynlege.

Etter filmen var det diskusjon og det var mange gode argumenter på kvifor og korleis samane blei undertrykka. Ranur Neslin sa dette under diskusjonen: ”Samane fortjente det jo ikkje. Dei var der fyrst og nordmennene kom berre og øydela alt for dei.” Så og si alle i klassen hans var einige om dette og alle vart til sist heilt mot styreforma på den tida; dei rike fekk for mykje makt og dei som sto i mot de blei straffa. Slik er det heldigvis ikkje no lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar